Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Trenarkurs i Ørsta i 2017

trener_petter_brattli_2.jpg

Det blei arrangert kurs som fører fram til tittelen Trenar 1 for pistol i Ørsta i 2017. Eit slikt kurs gir kursdeltakaren opplæring i å hjelpe andre til å bli betre pistolskyttarar. Kursdeltakaren blir ikkje nødvendigvis flinkare til å treffe sjølv. Forutsetninga for å få ta kurset er at deltakarane er villig til å møte på øvingar etter kurset og bruke det dei har lært til å hjelpe andre i klubben.

Klubben melde på 7 medlemar til dette kurset; Are, Arnstein, Atle, Dag Ola, Frode, Marcel og Tomas. Kursdagar var 27. og 28. mai og 10. og 11- juni.

Meir om kurset på Skytterforbundet sine nettsider. Kurset er arrangert av Møre og Romsdal Skytterkrets og Skyttarforbundet og har ØVPK er vertskap. Før kurset måtte deltakararne gjennomføre eit sjølvstudium på nett. Kurshaldar er Marianne Ullvassveen.

Møre og Romsdal skyttarkrets har skrive om kurset på skyting.no. Påmeldingsfrist var den 12. mai.

For dei som sjølv vil bli betre til å treffe blinken tenkjer vi å arrangere ei samling til hausten. Då håper vi at Pål Hembre kan kome og vere trenar for oss. Meir om dette etter kvart som vi veit meir.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS