Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Pistolskytekurs med Pål Hembre i Ørsta

paal_hembre_201707_2.jpg

Pål Hembre var i Ørsta og held kurs der han gav deltakararne tips for å bli betre pistolskyttarar. Alle medlemar kunne delta, uavhengig av nivå. Pål held kurset to gongar; laurdag 2. og søndag 3. september 2017. Hembre har vunne mange nasjonale og internasjonale premiar og i mange år vore ein av dei flinkaste pistolskyttarane i Norge. Dette var første gangen vi fekk hit ein nasjonal pistol-«kjendis» for å hjelpe oss med slikt.

Kurset var eit samarbeid mellom ØVPK og Vigra og Valderøy PK. Vi i ØVPK trudde at mange medlemar ville delta, men hadde berre 14 plassar å dele på.

Påmeldinga til kurset tok til med at klubben sende ut ei felles tekstmelding til alle medlemar med mobilnummer i medlemsregisteret. Tekstmeldinga blei send ein ettermiddag i den andre veka av august. Etter tekstmeldinga var det første medlem til mølla som talde. Denne framgangsmåten vart vald for at alle medlemar skulle ha lik sjanse til å bli med på kurset. Brukarbetalinga/kursavgifta er sett til kr 100,- per deltakar og beløpet måtte betalast saman med påmeldinga.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS