Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Nye klubbvåpen i ØVPK

benelli.jpg

I starten av september 2016 fekk vi to nye klubbvåpen av type Benelli MP95E. Med dette får vi fleire av våpentypen som deltakarar på begynnarkurs i fleire år har «kriga» om å få øve med. Denne våpentypen har rundt skjefte og fungerer like godt for dei som skyt med høgre og venstre hand.

Vi har kontrollert, prøveskote og fått alt til å fungere på dei mottekne våpna. Vi håper det held fram slik. Vidare har vi skote inn våpna ved å stille baksiktet slik at kulene treff midt i blinken på 25 meter. Våpna har vist veldig god presisjon - berre skyttaren klarer å halde dei rolig i siktebiletet.

Som det var sagt på årsmøtet, var det i år budsjettet med fornying av klubbvåpen. Styret har behandla saka og valde å satse på denne varianten av Benelli. Vi fekk våpen med nummer 11438 og 11439.

Med håp om at dei nye våpna vil fungere godt i mange år.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS