Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Medlemskontingenten for 2016

Medlemskontingenten for inneverande år er sendt ut.

Epost har gått ut og konvoluttane blei postlagde tysdag 19. april. Som i fjor så kan ein betale på 2 måtar:

  • logge deg inn på Min Idrett og betale direkte med kredittkort,
  • eller opne vedlegget i eposten og betale i nettbanken.

Når du har betalt så kan du skrive ut nytt medlemskort frå Min Idrett. Dersom du vil skrive ut i kredittkort-størrelse så forminskar du utskrifta med ca 70%. Klipp ut og laminer med plast og legg i lommeboka :-)

Eg har fått nokre spørsmål om utmelding og endring av medlemstype:

Endre type medlemskap: Dersom du ønskjer å endre medlemstypen (t.d. frå sidemedlem til hovudmedlem) så skal du ikkje betale mottatt epostfaktura. Du skriv ein mail om dette til meg (kasserar). Då vil eg kreditere utsendt krav, omregistrere deg i medlemssystemet, og sende ut ny medlemskontingent til deg.

Utmelding: Du skriv ein mail til klubben (sekretær) der du skriv at du vil melde deg ut. Då vil vi kreditere utsendt epostfaktura, og du slepp å betale. Dette må du gjere før 15. mai. Etter denne dato du betale medlemskontingenten for 2016 uansett. Dersom du melder overgang til ny klubb må du skrive det, og i så måte kan du framleis vere sidemedlem hos oss dersom du ønskjer å bruke banene våra :-) Har du våpen må du selje det dersom du ikkje er medlem i nokon pistolklubb.

Vintersesongen og vintercupen er på oppløpssida. Det brakar snart laust med ein spanande utendørssesong med m.a. KM-stemne i Sollidalen. Det er berre å pusse og gjere seg klar :-)

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS