Felles-dugnadar i Sollidalen 2017

Det var enda ein organisert fellesdugnad i Sollidalen laurdag den 7. oktober. Denne dagen rydda vi meir skog opp mot Helgehornet for å gi betre sikt i sikkerheitssonen bak skytebanene. Folk tok med det dei hadde av eigna utstyt. Behovet var
- motorsag eller
- "bensin-langorv"
- beitesaks
- hakkegrev/kare/rive til vegen
Takk til alle som deltok på dugnadane den 2. mai, 6. juni, 3. juli, 7. august og 7 oktober. Etter dugnaden den 14. august var gras og busker vekke frå alle torvtaka. Dermed var dalen i flott stand til vårt stemne planlagt til den 20. august.
Den (nest)siste felles-dugnad i Sollidalen i 2017 blei flytta til mandag den 14. august frå kl 18. Graset på markane i dalen var slått førre mandagen så denne dagen blei det slått på torvtaka på alle husa i dalen og utbetring av vegen opp til dalen. Alle med utstyr for slått av små tre og busker (bensin-langorv med blad) og tid denne dagen, blei oppmoda om å møte fram og gjere dalen finare. Vi andre som hadde tid tok med jernrive, stålspade, krafse eller liknande.
Dagane for fellesdugnad i Sollidalen i 2017 var 2. mai, 6. juni, 3. juli, 7. august og 14 august. Dugnadsdagen mandag den 4. september gjeld berre for DFS-laga og blir brukt til å rigge ned skivene. Kvart av dei fire laga i Sollidalen blei bedne om å møte med minst 4 personar på kvar av desse dugnadsdagane.
Arbeidsoppgåver var.
- gruse vegar og parkeringsplassar
- vaske WC-bygget og sjå til at vatnet virkar
- rydde paviljongen
- rydde i fellesområdet i dalen
- rydde småskog og kratt bak vernevollen og mot haglebana
Kvar dugnadsdeltakar blei beden om at ta med reiskap i form av rive, krafse eller slåtteutstyr for krattskog - og for gras.