Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Blåturar til Sollidalen

Ørsta/Volda Pistolklubb stod for ein del av arrangementet for to blåturar laurdag 21. april 2012. Det kom 8 personar på formiddagen og 16 på ettermiddagen. Halvparten av deltakarane dreiv leirdueskyting og dei andre pistolskyting. Etter ei tid bytta deltakarane skytebane slik at alle deltakarane fekk prøve begge delar.

Deltakarane på pistolbana denne laurdagen fekk prøve pistolar med amunisjon av kaliber .22 eller kulediameter 5,6 mm. Skytinga blei organisert slik at kvar skyttar fyrst fekk skyte ein prøveserie, deretter blei poenga på dei neste seriane noterte og leiaren for blåturen fekk med seg resultata av skytinga.

Tilbakemeldingane frå deltakarane gikk på at det var spennande og moro å prøve å skyte med pistol. Det å sjå at ein treff er nok også ein motivasjonsfaktor, vidare trur vi at konkurransen mot dei andre deltakarane også er motivarande.

Slike blåturar aukar interessa for pistolskyting og kan bidra til å rekruttere nye medlemar på sikt. Turane er også ei ekstra inntektskilde for klubben. Dersom fleire ynskjer slike blåturar, kan de ta kontakt med formannen (epost oppe til venstre), så vil vi forsøke å finne tider som passar.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS