Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Felles-dugnadar i Sollidalen 2017

skogsveg2.jpg

Det var enda ein organisert fellesdugnad i Sollidalen laurdag den 7. oktober. Denne dagen rydda vi meir skog opp mot Helgehornet for å gi betre sikt i sikkerheitssonen bak skytebanene. Folk tok med det dei hadde av eigna utstyt. Behovet var
- motorsag eller
- "bensin-langorv"
- beitesaks
- hakkegrev/kare/rive til vegen

Takk til alle som deltok på dugnadane den 2. mai, 6. juni, 3. juli, 7. august og 7 oktober. Etter dugnaden den 14. august var gras og busker vekke frå alle torvtaka. Dermed var dalen i flott stand til vårt stemne planlagt til den 20. august.

Pistolbana i Sollidalen i bruk til bedriftstur

Fredag den 29. september 25017 frå kl 17 var pistolbana i Sollidalen brukt til bedriftstur for ein gjeng frå Bil og Gummiservice.

Bana var stengd for anna aktivitet mens skytinga varte.

Denne gangen var det så mange med på tur at halvparten var på haglebana og resten på pistolbana. Etter ca ein time bytta deltakarane bane og skyteaktivitet.

Tilbakemeldingane gikk på at deltakarane trivdest og hadde det moro. Aktiviteten var over forventninga for bedriftsledelsen.

Fleire måtar å betale til klubben

Dei som kjøper noko frå Ørsta/Volda Pistolklubb kan no betale på tre forskjellige måtar. Når vi tek fram alt utstyret, kan folk betale med kontantar, med bankkort via izettle eller med vipps.

Dette med vipps er noko kasserar Hege Liaskar ordna for klubben seinsommaren 2017.

Pistolskytekurs med Pål Hembre i Ørsta

paal_hembre_201707_2.jpg

Pål Hembre var i Ørsta og held kurs der han gav deltakararne tips for å bli betre pistolskyttarar. Alle medlemar kunne delta, uavhengig av nivå. Pål held kurset to gongar; laurdag 2. og søndag 3. september 2017. Hembre har vunne mange nasjonale og internasjonale premiar og i mange år vore ein av dei flinkaste pistolskyttarane i Norge. Dette var første gangen vi fekk hit ein nasjonal pistol-«kjendis» for å hjelpe oss med slikt.

Trenarkurs i Ørsta i 2017

trener_petter_brattli_2.jpg

Det blei arrangert kurs som fører fram til tittelen Trenar 1 for pistol i Ørsta i 2017. Eit slikt kurs gir kursdeltakaren opplæring i å hjelpe andre til å bli betre pistolskyttarar. Kursdeltakaren blir ikkje nødvendigvis flinkare til å treffe sjølv. Forutsetninga for å få ta kurset er at deltakarane er villig til å møte på øvingar etter kurset og bruke det dei har lært til å hjelpe andre i klubben.

Klubben melde på 7 medlemar til dette kurset; Are, Arnstein, Atle, Dag Ola, Frode, Marcel og Tomas. Kursdagar var 27. og 28. mai og 10. og 11- juni.

Endring i kvar vi finn opplysningar i 2017

skytingno.jpg

Frå 2017 er det fleire omleggingar som vi pistolskyttarar har nytte av å vite. Her er nokre viktige:

  • Terminlistene for 2017 er i eit nytt format, men vi finn dei i menyvalet Terminlister her på sida som før. 
  • Stemna er også tilgjengelege på MinIdrett. Der arrangøren tillet, kan skyttarar melde seg på stemnet på førehand via nettløysinga.
  • Startkort for 2017 må lastast ned frå MinIdrett. I februar 2017 kom ein meir kompakt versjon av startkort enn A4-papir som var i starten.
  • Klubbane skal sjølv legge ut og halde ved like informasjon om konkurransar på MinIdrett. Deretter skal kretsen godkjenne stemna.
  • Klubbane skal sjølv legge ut stemneresultat frå MinIdrett/ResultatAdmin.

Ny leveranse av ammunisjon motteken

cci_std.jpeg

Vi har no motteke ein ny leveranse av .22 ammunisjon frå Stryn til rommet ved bana i Ørsta kulturhus. Vi valde også denne gangen CCI Standard ammunisjon. Prisen har gått noko opp sidan førre gong vi kjøpte inn, så salsprisane må diverre aukast. Nye prisar frå 13.12.2016 er: 350,- for 500 skot og kr 40,- for 50 skot.

Før vi fekk denne forsyninga var det nesten tomt for ammunisjon på lageret. 

Nye klubbvåpen i ØVPK

benelli.jpg

I starten av september 2016 fekk vi to nye klubbvåpen av type Benelli MP95E. Med dette får vi fleire av våpentypen som deltakarar på begynnarkurs i fleire år har «kriga» om å få øve med. Denne våpentypen har rundt skjefte og fungerer like godt for dei som skyt med høgre og venstre hand.

Dugnad på kulturhuset 4. oktober

ØVPK hadder dugnad på bana i Ørsta kulturhus tirsdag 4. oktober 2016. Vi hadde tidlegare tømt kulefangaren for bly saman med rifleskyttarane. Denne dagen hengde vi opp duk framføre kulefangaren og sette på nye plater på sida. Vi fekk også hengt opp luftfordelingsrøret bak standplass. Takk til alle som deltok. No er bana klar for inneskytinga !

Allmøte som start på klubbutvikling

klubbutvikling_2016.jpg

Onsdag den 21. september 2016 var det allmøte i pistolklubben i pauserommet ved bana i Ørsta kulturhus. Tema for møtet var å finne ut kva medlemane meiner er bra og mindre bra i klubben. Styret hadde invitert Wenche Horten til å leie møtet for oss. Wenche arbeider for Norges skytterforbund med å hjelpe klubbar i slike prosessar. Takk til alle som møtte fram.

Medlemskontingenten for 2016

Medlemskontingenten for inneverande år er sendt ut.

Epost har gått ut og konvoluttane blei postlagde tysdag 19. april. Som i fjor så kan ein betale på 2 måtar:

  • logge deg inn på Min Idrett og betale direkte med kredittkort,
  • eller opne vedlegget i eposten og betale i nettbanken.

Når du har betalt så kan du skrive ut nytt medlemskort frå Min Idrett. Dersom du vil skrive ut i kredittkort-størrelse så forminskar du utskrifta med ca 70%. Klipp ut og laminer med plast og legg i lommeboka :-)

Pris på ammunisjon

cci_std.jpeg

Klubben opplevde uventa stort sal av .22-ammunisjon i slutten av mars og lageret gikk nesten tomt. Vi fekk fyrst inn nokre tusen skot for å unngå at lageret blei heilt tomt. Denne gongen var innkjøpsprisen høgare enn tidlegare, så nye salsprisar frå 24. mars 2016 er kr 40,- for 50 skot og kr 300,- for 500 skot.

Den 6. april mottok vi hovudleveransen av ny .22 ammunisjon og mengdebegrensinga på sal gjeld ikkje lenger.

DOKUMENTASJON AV AKTIVITET

For å kjøpe OG inneha pistol/revolvar krev Våpenlova med forskrifter at ein har eit visst aktivitetsnivå og stemnedeltaking. Politidirektoratet har tydelegvis bedt politidistrikta om å følge opp dette. Og enkelte distrikt bed no innehavarane av pistol/revolvar om å dokumentere aktiviteten sin. Vi tek med eit slikt brev frå Gjøvik her. Og bed medlemmane våre vere førebudde på at det kan verte krevd slik dokumentasjon også i vårt distrikt.

4hxjxs.jpg

Sandane PK med ny bane

Naboklubben vår i sør innvia ny bane i helga. Sandane pistolklubb har fått seg ny 25-meters utandørsbane med feltareal. Det som imponerte mest var det flotte klubbhuset. Stor opphaldsrom med peiskrok og greier. Utandørs er det 10 skiver på 25 meter, i starten vert det vendeanlegg. Elektronikk vert vurdert seinare. Ved sidan av bana er det eit feltareal i nydeleg natur. Anlegget har kome i stand gjennom formidabel dugnadsinnsats, ca 1800 timar. Klubben har også fått tippemidlar. Bana ligg på Byrkjelo. I "Ura", fram imot Myklebustdalen.

Blåturar til Sollidalen

Ørsta/Volda Pistolklubb stod for ein del av arrangementet for to blåturar laurdag 21. april 2012. Det kom 8 personar på formiddagen og 16 på ettermiddagen. Halvparten av deltakarane dreiv leirdueskyting og dei andre pistolskyting. Etter ei tid bytta deltakarane skytebane slik at alle deltakarane fekk prøve begge delar.

ERLEND VIKESTRAND NY LEIAR I ØVPK

På årsmøtet fredag 25.2.2011 vart Erlend Vikestrand valt til ny formann i ØVPK. Sven-Tore Verstad hadde sagt frå seg attval etter to år som formann. Mangeårig kasserar, Bjørnar Osnes, hadde også sagt frå seg attval. Ny kasserar vart Are Berg. Elles i styret er: Atle Eikrem (nestformann), Roger Hovden, Morten Lien, Jon Magne Frislid og Sven-Tore Verstad.

KLASSEFØRING 2010

ØVPK har no klart eit første utkast for klasseføring for 2010. Klasseføringsåret går frå 1.10.2008 - 30.9.2009. Dersom du meiner du er i feil klasse for 2010, ta kontakt med Bjørnar Osnes, bo@hivolda.no.

Klasser_2010OVPK.xls

Skytetrening avlyst

Vi avlyser skytetreninga i Sollidalen onsdag 3. august av respekt for den unge dama frå Ørsta kommune som blei drepen på Utøya.

Ørsta/Volda Pistolklubb har dermed ingen organiserte aktivitetar den veka ein innbyggar frå kommuna blir gravlagd på grunn av terroren.

Skytebane var stengd

Skytebana i Sollidalen var stengd helga 23. og 24. juli 2011 av respekt for dei som omkom og blei skadd i hendingane i Oslo og Buskerud den fredagen.

Vi mottok denne eposten fra Norges SkytterForbund:

«Norges Skytterforbund ber om at all skyting på NSF-klubbenes baner, og all annen skytteraktivtet i regi av klubbene, stanses denne helga.

Dette ber vi om i respekt for de som er omkommet og skadet i hendelsene i Oslo og Buskerud fredag.

Med hilsen
NORGES SKYTTERFORBUND
Dag Olav Rønning»

PPC1500 - NYE SKYTEØVELSAR I NSF

home_red_16.jpg

PPC1500 er nye skyteøvelsar som etter alt å døme vert teke opp i NSF i 2011. For å delta må ein ha eige kurs. Dette blir arrangert kvar dag under felt NM på Mysen. Bjørnar Osnes tok kurset i Bergen 12.3. Meir info om PPC finn du her: http://www.ppc1500.no

12Neste
issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS