Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Feltstemne september 2018

113648_utsnitt.jpg

Søndag den 2. september 2018 arrangerte ØVPK feltstemne i Sollidalen. Dagen kom med godt skytever og vi opplevde god deltaking. Skyttarane konkurrerte i klassene Finfelt, Grovfelt, Millitærfelt, Revolverfelt, Spesialpistol og Spesialrevolver. Stemnet var kretsmeisterskap for Møre og Romsdal i Spesialpistol og Spesialrevolver.

På førehand hadde medlemar frå arrangørklubben laga til ei løype med 8 skyttarar på kvart lag. Fleire skyttarar meinte at vi hadde laga til ei god løype. Løypa inneheld mange blinkar som var lette å treffe og fleire moment som var til for å skille dei beste frå kvarandre.

Den endelege resultatlista er send publisering på terminlista og syner 32 deltakarar med til saman 87 startar og mange gode resultat. Det deltok 10 medlemar frå arrangørklubben.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS