Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Feltstemne Kristi Himmelfartsdag i 2017

feltblinkar.jpg

ØVPK sitt første feltstemne i 2017 blei avvikla på Kristi Himmelfartsdag; torsdag 25. mai. Vi opplevde god deltaking sjølv om veret ikkje viste seg frå si beste side. Skyttarane konkurrerte i klassene Finfelt, Grovfelt, Millitærfelt og Revolverfelt. Stemnet var kretsmeisterskap for Møre og Romsdag i Finfelt og Grovfelt. Takk for frammøtet til alle som møtte fram denne dagen !

Den førebelse resultatlista syner 43 deltakarar med til saman 91 startar og mange gode resultat. Rolf Toven frå Nesset Pistolklubb blei kretsmeister i både Finfelt og Grovfelt. I Finfelt var det så likt i toppen at tre skyttarar måtte delta i omskyting om tittelen. Stemnevinnar i Millitærfelt blei Jon Ørsund frå Sunndal PK. I Revolverfelt blei Tore Stensby frå Hamar IL beste skyttar. Tore Stensby var den einaste som klarte alle poenga i ein omgang. I kretsmeisterskap er det også mogeleg med lagskyting. Denne dagen var to lag påmelde i begge klassene; Sunndal PK og Ørsta/Volda PK. Sunndal vann både Finfelt og Grovfelt.

Resultatlista blir send til kontaktpersonar i klubbar som hadde deltakarar på stemnet for korrekturlesing av namn og klubbtilhøyrigheit og andre feil.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS