Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Elektroniske skiver på skytebana i kulturhuset

Vi har teke i bruk 8 elektroniske skiver ved skytebana i Ørsta Kulturhus. No får skyttarane sjå treffpunktet på ein skjerm etter kvart skot. Unntaket er ved skyting av program der serien har kort skytetid. Då får ein sjå treffpunkta etter skytetida for serien. Dei elektroniske skivene gjer at det går raskare å gjennomføre eit program, så vi har betre kapasitet på skytebana enn tidlegare. Oppfordrar alle medlemar til å møte fram på øvingskveldane, prøve nyvinninga, øve seg på pistolskyting og delta i vintercupen.

I november i klubben sitt 50. år fekk vi levert dei 8 elektroniske skiver til skytebana på Kulturhuset i Ørsta. Då hadde vi arbeidd mot dette målet i lang tid. Saka hadde mellom anna vore tema på klubben sitt årsmøtet i fleire omgongar. Etter mottak av utstyret, tok eldsjeler i klubben til å planlegge klargjeringa av dei elektroniske skivene. Etter prøvemontering av ei skive, blei det bestemt korleis skivestativa skulle utformast. Jon Magnar rydda så boklageret slik at det no er plass til å lagre skivestativa i eit rom framme ved skivene.

Den 10. januar 2014 var den fyrste offisielle dugnaden for medlemar. Den kvelden blei det sett opp ein lettvegg mellom boklageret og lageret for skivestativa. Morten sveisa ferdig det tredje og siste skivestativet. Dei to fyrste skivestativa blei måla og det blei arbeidd med å montere dei elektroniske skivene. Bileta under teksten viser godt oppmøte denne kvelden. Det blei arbeidd aktivt og målmedvite til langt på natt så mykje godt arbeid blei utført denne kvelden.

Seinare i januar blei det også arbeidd med dei nye skivene. Vi måla dei tre skivestativa slik at dei no har to målingsstrøk. Vi fullførte monteringa av alle dei 8 skivene og monterte dei på skivestativa. Ledningar blei strekte og kobla til koblingsboksar mellom alle delane.

Laurdag den 1. februar 2014 kom dei siste detaljane på plass slik at dei elektroniske skivene, skjermane, serveren og datamaskina fungerer kvar for seg og saman. Med det har også vi ei fungerande skytebane med elektroniske skiver og automatisk anvising. I innspurten fekk vi god hjelp frå  medlemar av Hovdebygda og Ørsta skyttarlag og leverandøren Kongsberg Target Systems.

Vi vil bruke dei nye skivene på øvingskveldar framover og slik hauste erfaringar med bruken. Det er viktig at mange medlemar er i stand til å styre det nye anlegget. Vi oppfordrar difor medlemar til å få erfaring med bruken ved å ta på seg rolla som standplassleiar på øvingskveldar. Det ligg ei detaljert bruksanvisning for anlegget på bordet i rommet nærast standplassen vår (standplassleiarbuda).

I 2014 skal ikkje ØVPK arrangere nokon konkurransar for baneprogram. Dette for at vi først skal få erfaring med bruken av skivene. Vi må også sende folk på kurs slik at nokon kan vere dommarar når vi brukar slike skiver i ein konkurranse.

Takk til formann Atle Eikrem som styrte arbeidet og til alle som deltok på dugnadar for å få elektroniske skiver på plass også hos Ørsta / Volda Pistolklubb. 

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS