Dugnad i Sollidalen

Sollidalsstyret byd inn til dugnad mandag den 3. september 2018 frå kl 18:00. Dugnaden er felles for dei fire laga som har bane i dalen. Pistolklubben er oppmoda om å møte med minst 4 personar. Pistolbana blir stengt for pistolskyting denne kvelden.
Oppgåvene denne gangen er å
- betre grusvegen med grus og stikkrenner
- slå gras
- rydde småskog i sikkerheitssona
- jamne til parkeringsplassen med grus
- vaske, rydde WC-huset
- sette opp nye skilt rundt det regulerte skyteområdet
Dugnadsdeltakarane må sjølve ta med reiskap som kantklippar, beitesaks, jarnrive, krafse, spade o.l.
Det blir sosial samling med kaffe på kafeen i riflehuset frå ca kl 19:30.
Vel møtt til dugnad i Sollidalen !
Det er planlagt slik dugnad også mandagane 7. mai, 4. juni, 2. juli, 13. august og 3. september.
Under dugnadane på sommaren blir det meir fokus på å slå gras og rydde småskog i skyteområdet.
Sollidalsstyret har vedteke at det er flaggstanga bak paviljongen som markerer skyting i Sollidalen. Der er dermed ikkje behov for at kvar skytebane har si eiga flaggstang
Pistolskytebana er stengt for skyting under dugnadane.