Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Blåturar / Utdrikkingslag / andre opplevingsturar

Pistolklkubben arrangerar frå tid til anna delar av blåtur / utdrikkingslag / sosiale aktivitetar ved skytebana i Sollidalen eller på Ørsta kulturhus. Sist hausten 2017. Her får deltakarane oppleve å skyte med pistol - kanskje for første gang. Klubben stiller med vakter som passar på at alt foregår med god sikkerheit, slik at ingen skal bli skadde.

Vi kan ta imot grupper som vil oppleve det å skyte på blink med pistol. Ein kan variere aktiviteten på fleir måtar. Nokon likar å konkurrere seg imellom, mens  andre vil fokusere på det å være saman og gjere noko i ein uvant situasjon/setting. Vi kan ta imot grupper på opp til 16 personar i gangen og stiller med alt nødvendig utstyr; pistolar, ammunisjon samt hørselvern og vernebriller.

Fleire av dei aktive i Sandane Pistolklubb per juni 2014 kom i kontakt med miljøet nettopp på denne måten. Deltakarar som ynskjer å fortsette å skyte, kan ta til med sporten på vanleg måte.

Dei som planlegg ein aktivitet der dette kan passe inn, kan ta kontakt med formannen i Ørsta/Volda Pistolklubb på epostadressa oppe til venstre på sida. Ta gjerne kontakt i god tid, slik at vi kan organisere vakter og liknande.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS