Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Banestemne på Ørsta kulturhus januar 2017

publvising.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i Ørsta kulturhus laurdag den 7. januar 2017. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Standardpistol. Dette var eit korrespondansestemne og nokon skyttarar deltok på si eiga heimebane. Det møtte skyttarar både frå vår egen og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.

Vi hadde på førehand sagt at deltakarar måtte ta med startkort for 2017 og det fiksa skyttarane.

Programmet Standardpistol består av 4 seriar med 150 sekunds skytetid, 4 seriar med 20 sekunds skytetid og til slutt 4 seriar med 10 sekunds skytetid. All konkurranseskyting denne dagen var skyting mot presisjonsblinkane og alle seriar var 5 skot på 25 meter avtand.

Fredagen før stemnet hadde vi skyteøving. Etter skytinga rakk vi å måle over treffa på panserplatene og gjere skivene og bana klar til konkurransen. Utan slik innsats kan vi ikkje arrangere stemner. Takk til alle som hjalp til med førebuing til stemnet! 

Under stemnet hadde vi kiosk med sal av brus, kaffe, sjokolade og pølser i brød. I pauserommet viste vi skyttarane sine treff på eit lerret etter kvart som dei blei registrerte i blinkane.

Dette var ØVPK sitt fyrste stemne etter overgangen til NSF/NIF sin nye dataløysing i 2017 med nokre nye arbeidsoppgåver for oss som arrangerer stemner. No måtte vi som arrangør til dømes notere ned og rapportere inn skyttarane sin fødselsdag og PersonID frå startkortet. Dette førte til mykje oppdatering av opplysningar om skyttarar i resultatprogrammet. Neste stemne blir mindre strevsomt slik, sidan resultatprogrammet hugsar opplysningane som var innlagde under dette stemnet.

Den førebelse Resultatlista viser at 39 skyttarar deltok. Beste resultat var heile 552 av 600 oppnåelege poeng. Lista blir fyrst send til kontaktpersonar i deltakande klubbar for korrektur deretter publisert på NSF/NIF sine resultatsider.

Takk til tilreisande skyttarar for frammøtet. Kjekt å sjå at det møtte fram 6 skyttarar frå vår naboklubb Hjørungavåg Pistolklubb. Takk også til medlemar som stilte opp og hjalp til slik at klubben kunne arrangere dette stemnet. Vi opplevde god stemning under heile stemnet.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS