Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Banestemne på Ørsta kulturhus i februar 2018

kulturhus20180204.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus søndag den 4. februar 2018. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programmet Finpistol. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.

Programmet Finpistol består av 6 seriar med skytetid 5 minutt mot presisjonsskiver og 6 seriar med duellskyting mot duellskiver. Ei duellserie består av 3 sekund til å skyte eit skot og 7 sekunds pause der skyttarane skal senke våpenet. Dette gjentek seg 5 gongar per serie.

Dette var eit korrespondansestemne. Det betyr at skyttarar kunne skyte programmet på ei lokale bane og det gjorde fleire deltakarar. Dei som arrangerar slik skyting til korrespondansestemne sender resultata og litt pengar til stemnearrangøren. Arrangøren av stemnet tek med resultata, lagar ei samla resultatliste og bereknar premiar som vanleg.

Fredagen før stemnet hadde vi skyteøving. Etter skytinga rakk vi å måle over treffa på panserplatene og gjere skivene og bana klar til konkurransen. Takk til alle som hjalp til med arbeid i forkant og førebuinga til stemnet. Under stemnet hadde vi kiosk med sal brus, kaffe, sjokolade og pølser i brød. I pauserommet viste vi skyttarane sine treff på eit lerret etter kvart som dei blei registrerte i skivene.

Resultatlista viser at det deltok 32 skyttarar. Beste resultat var 560 av 600 oppnåelege poeng. Lista er publisert på terminlista/MinIdrett og på fsu.no.

Takk til tilreisande skyttarar for frammøtet. Takk også til medlemar som stillte opp slik at klubben kunne arrangere dette stemnet. Vi hadde ein uformell tone og god stemning under heile stemnet.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS