Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Banestemne på Ørsta kulturhus desember 2017

20171105_125429.jpg

Ørsta/Volda Pistolklubb arrangerte banestemne i kjellaren på Ørsta kulturhus laurdag den 2. desember 2017. Vi hadde invitert pistolskyttarar til å skyte programma Hurtigpistol; fin, spesialpistol og spesialrevolver (kun .22) og NAIS fin. Det møtte skyttarar både frå vår egen- og andre pistolklubbar. Som vanleg blei tilreisande skyttarar prioritert ved påmelding.

Programmet Hurtigpistol består av 4 seriar med 10 sekunds skytetid, 4 seriar med 8 sekunds skytetid og til slutt 4 seriar med 6 sekunds skytetid. Alle seriar består av skyting mot duellblinkane og alle seriar har 5 skot.

Programmet NAIS er ei blanding av seriane i Standardpistol og Finpistol og består av 2 seriar med 150 sekund skytetid, 2 duellseriar, 1 serie med skytetid 20 sekund og 1 serie med 10 sekund. All skyting i dette programmet er mot duellblinkar og alle seriar har 5 skot.

Dette var eit korrespondansestemne. Det betyr at skyttarar kunne skyte programmet på ei lokale bane og det gjorde fleire deltakarar. Dei som arrangerar slik skyting til korrespondansestemne sender resultata og litt pengar til stemnearrangøren. Arrangøren av stemnet tek med resultata, lagar ei samla resultatliste og reknar ut premiane som vanleg.

Fredagen før stemnet har klubben skyteøving frå kl 18. Etter skytinga gjorde vi bana klar til stemnet. Vi målte over treffa på panserplatene og gjorde elles skivene og bana klar til konkurransen. Den nye standplassen var klar rett før dette stemnet. Før dette stemnet hadde vi også saman med rifleskyttarane oppgradert skytebana med kvite plater i tak og veggar. Takk til alle som hjalp til med arbeid i forkant og førebuinga til stemnet. Under stemnet hadde vi kiosk med sal av brus, kaffe, sjokolade og pølser i brød.

Resultatlista for Hurtigprogram-konkurransen viser 56 startar. Beste resultat var 561 av 600 oppnåelege poeng. Resultatlista for NAIS-program-konkurransen viser at det deltok 15 skyttarar. Beste resultat var heile 284 av 300 oppnåelege poeng. Listene er no publisert på terminlista/MinIdrett og kjem på fsu.no om kort tid.

Takk til tilreisande skyttarar for frammøtet. Takk også til medlemar som stillte opp slik at klubben kunne arrangere dette stemnet.

issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS