Årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb i 2019

Det vart halde årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb på bana i Ørsta kulturhus fredag den 8 mars 2019. Sakliste og sakspapir var publiserte i forkant av møtet.
Referatet syner at 26 medlemmar møtte og på møtet var det diskusjonar rundt klubbens logo, samt nødvendige reparasjonar og opprusting av skytebana i Sollidalen.
Av premiering vart det på årsmøtet delt ut vandrepokal til vinnaren av vintercupen 2017/2018.
Fleire prosjekt og investeringar er tekne med i budsjettet for 2019:
Ørsta kulturhus:
- Stativ til luftpistolskivene
- Oppgradering av lagerrom
Sollidalen:
- Gangveg mellom standplassar
- Drenering og flomsikring av uteområde
- Ferdigstille den innvendige oppussinga av skyttarhuset til pistolklubben
- Bygge på huset/ny blinkbu
- Gruse skytebaneområdet
Det vart i tillegg vedtatt å kjøpe tre nye finkalibra klubbvåpen (Benelli MP95)
Forslaget fra valkommiteen på tillitsvalde vart einstemmig vedtatt. Banegruppa og svartkruttgruppa vart begge utvida fra ein til to personar.
Takk til alle som møtte på årsmøtet og bidrog til eit kjekt og konstruktivt møte !