Årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb 2020

Det vart halde årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb på bana i Ørsta kulturhus fredag den 6 mars 2020. Sakliste og sakspapir var publiserte i forkant av møtet.
Referatet syner at 22 medlemmar med stemmerett møtte (23 møtte totalt) og på møtet var det diskusjonar rundt klubbens logo der årsmøtet bestemte at vi skal gå tilbake til å nytte den "gamle" logoen, samt nødvendige reparasjonar og opprusting av skytebana i Sollidalen.
Vinnaren av vintercupen 2018/2019 var ikkje til stades på årsmøtet, og det vart difor ikkje delt ut vandrepokal. Vinnaren får denne ved ei seinare anledning.
Fleire prosjekt og investeringar er tekne med i budsjettet for 2020:
Ørsta kulturhus:
- Bytte lyskastarar (LED)
Sollidalen:
- Bygge tak over og kle inne blinkbu
- Bygge reolar i blinkbu
- Ferdigstille den innvendige oppussinga av skyttarhuset til pistolklubben
- Rydde uteområde/fjerne kratt
- Kontrollmåle og evt heve vernevoll
- Gruse skytebaneområdet
- Utrede platting framfor standplassar
- Utrede/kostnadsoverslag vendeskiveanlegg
Valnemnd (alle valde for 1 år)
Gruppeleiarar etter vedteken organisasjonsplan (alle valde for 1 år)
Representantar til ting og organisasjonsledd:
Takk til alle som møtte på årsmøtet og bidrog til eit kjekt og konstruktivt møte !