Heim Epost Sidekart

Her finn du informasjon frå pistolklubben samla på ein stad

Ørsta/Volda Pistolklubb
Postboks 348, 6151 Ørsta

Generell epost til klubben:
post[alfa]ovpk.org

Formannen:
formann[alfa]ovpk.org

Kasserar:
kasserar[alfa]ovpk.org

I epostadressene må [alfa] bytast ut med @. Vi gjer det slik for å unngå spam. Lesast her frå august 2016

Plater i tak og på veggar på bana i Ørsta kulturhus i 2017

20171027_212205.jpg

Etter fleire felles-dugnadar for medlemar av Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag og ØVPK, har vi i oktober 2017 fått opp kvite lyddempande plater i taket og på sideveggane på skytebana i Ørsta kulturhus.

No kan alle medlemar gle seg til å kome på skyteøving til ei kvit og fin bane med god lyddemping.

Feltstemne i Sollidalen 20. august blei avlyst

ØVPK måtte diverre avlyse det approberte feltstemnet som var planlagt i Sollidalen søndag den 20. august 2017 grunna mannskapsmangel.

Det var planlagt konkurranse i klassene Finfelt, Grovfelt, Revolverfelt, Militærfelt, Spesialpistol og Spesialrevolver.

Vel møtt til feltstemne i Sollidalen ein gong seinare !

Blåturar / Utdrikkingslag / andre opplevingsturar

Pistolklkubben arrangerar frå tid til anna delar av blåtur / utdrikkingslag / sosiale aktivitetar ved skytebana i Sollidalen eller på Ørsta kulturhus. Sist hausten 2017. Her får deltakarane oppleve å skyte med pistol - kanskje for første gang. Klubben stiller med vakter som passar på at alt foregår med god sikkerheit, slik at ingen skal bli skadde.

Elektroniske skiver på skytebana i kulturhuset

Vi har teke i bruk 8 elektroniske skiver ved skytebana i Ørsta Kulturhus. No får skyttarane sjå treffpunktet på ein skjerm etter kvart skot. Unntaket er ved skyting av program der serien har kort skytetid. Då får ein sjå treffpunkta etter skytetida for serien. Dei elektroniske skivene gjer at det går raskare å gjennomføre eit program, så vi har betre kapasitet på skytebana enn tidlegare. Oppfordrar alle medlemar til å møte fram på øvingskveldane, prøve nyvinninga, øve seg på pistolskyting og delta i vintercupen.

Resultat av dugnad på bana i Ørsta

Rommet bak skytebana i kjellaren av Ørsta Kulturhus blei i november 2011 oppgradert til standarden på bildet. Veggar er isolerte og har fått panel, i taket har vi lagt takplater og golvet er flislagt.

Ørsta/Volda Pistolklubb takkar medlemane i komiteen for oppgradering av rommet og dei mange som deltok på dugnadane; Både medlemar frå Ørsta/Volda Pistolklubb og frå Hovdebygda og Ørsta skyttarlag.

Forhånd.12
issf_200.gif
europeen_200.gif
norsk_skytter_200.gif
mogr_skytter_200.gif
svartkrutt_thumb.gif
vintercuopen_200.gif

Webdesign og CMS: Osberget AS