RESULTAT KLUBBSTEMNE I SVARTKRUTT TORSDAG 2.9. KL. 19.00
ØVPK arrangerte klubbstemne i svartkrutt i Sollidalen torsdag 2.9. Det var 5 startar og mange dårlege resultat! RESULTATLISTE
STEMNER I HELGA
Laurdag 4.9. er det MNM i 1fg i Verdal. Søndag 5.9. er det stemne i 1FGMR på Sandane kl. 10.00.
NYBYRJARKURS
ØVPK startar nytt nybyrjarkurs/sikkerheitskurs no i haust. For påmelding og meir info om tidspunkt: Kontakt Jan Vikestrand, jan.lidvar.vikestrand@veidekke.no, tlf. 916 30 269 (e.kl. 17.)
TRENING/KLUBBSTEMNE I FELT ONSDAGAR
I år prøvar vi med onsdag som ein fast treningsdag i Sollidalen. Då vert også klubbpistolane tilgjengelege. Første treningsdag I haust vert 18. august kl. 18.00. Vi satsar også no i haust på å arrangere klubbstemner i felt annankvar onsdag.
KLUBBSTEMNER I FELT
Øvelsar: 1FGMRS - men i utgangspunktet maks to startar pr. skyttar.
Startkontingent kr. 20,-, ingen premiering, men det vert laga resultatliste.
Datoar: 25.8., 8.9. og 22.9. Og dei onsdagane det ikkje er klubbstemne er det vanleg trening.
Vi minner også om at ØVPK arrangerer ope feltstemne 12.9.
DOKUMENTASJON AV AKTIVITET
For å kjøpe OG inneha pistol/revolvar krev Våpenlova med forskrifter at ein har eit visst aktivitetsnivå og stemnedeltaking. Politidirektoratet har tydelegvis bedt politidistrikta om å følge opp dette. Og enkelte distrikt bed no innehavarane av pistol/revolvar om å dokumentere aktiviteten sin. Vi tek med eit slikt brev frå Gjøvik her. Og bed medlemmane våre vere førebudde på at det kan verte krevd slik dokumentasjon også i vårt distrikt.
STØTT ØVPK NÅR DU TIPPAR - HEILT GRATIS!![]()
Grasrotandelen er ei ordning der 5% av din innsats går til klubben i ditt hjerte. Det er vel ingen tvil om at det er ØVPK. Og det kostar deg ingenting. Neste gong du tippar be om at spelekortet ditt vert knytt til Ørsta/Volda Pistolklubb. Bruk spelekortet du har eller be om eit nytt. Oppi ØVPK sitt org.nr: 993813230, eller be om at ekspeditøren søkjer opp. Tippekommisjonæren gjer resten og du har blitt støttespelar.
