Heim Epost Sidekart

Ørsta / Volda Pistolklubb
Boks 348
6151 Ørsta

Epost: post@ovpk.org


RESULTAT NM I SVARTKRUTT

For første gong deltok skyttarar frå ØVPK i NM i svartkruttskyting. Sven-Tore, Arnstein og Bjørnar skaut i klassene perkusjonsrevolvar replikao g patronrevolvar replika på NM i Trondheim første helga i juli. Sven-Tore fekk godkjent resultat i perkusjonsrevolvar og Arnstein i replika patronrevolvar, elles sjekk resultatlistene... . Lagmessig kom vi ikkje så verst ut. RESULTAT.


RESULTAT KLUBBSTEMNE FELT 30.6.

ØVPK arrangerte klubbstemne i felt i Sollidalen onsdag 30.6. Det er tydeleg at sommarferien har starta for det var berre 6 startar denne gongen. Det vert no pause i felttreninga på onsdagar til ut i august.

RESULTAT


RESULTAT KLUBBSTEMNE I SVARTKRUTT 24.6.

ØVPK arrangerte ope klubbstemne i svartkrutt torsdag 24.6.  i Sollidalen. Det var 9 startar. Denne gongen var det også deltakarar på 50 meter rifle.  RESULTAT.


ROLF TOVEN VANN KM I SPESIALPISTOL OG SPESIALREVOLVAR

Søndag 20.6. arrangerte ØVPK stemne i Spesialfelt i Sollidalen. Det var KM i spesialpistol/spesialrevolvar, samt ope stemne i magnumfelt I og II. Rolf Toven vart kretsmester i begge greinene. Det var god deltaking, 69 startar, og fint ver.   RESULTAT.


DOKUMENTASJON AV AKTIVITET

For å kjøpe OG inneha pistol/revolvar krev Våpenlova med forskrifter at ein har eit visst aktivitetsnivå og stemnedeltaking. Politidirektoratet har tydelegvis bedt politidistrikta om å følge opp dette. Og enkelte distrikt bed no innehavarane av pistol/revolvar om å dokumentere aktiviteten sin. Vi tek med eit slikt brev frå Gjøvik her. Og bed medlemmane våre vere førebudde på at det kan verte krevd slik dokumentasjon også i vårt distrikt.


STØTT ØVPK NÅR DU TIPPAR - HEILT GRATIS!

Grasrotandelen er ei ordning der 5% av din innsats går til klubben i ditt hjerte. Det er vel ingen tvil om at det er ØVPK. Og det kostar deg ingenting. Neste gong du tippar be om at spelekortet ditt vert knytt til Ørsta/Volda Pistolklubb. Bruk spelekortet du har eller be om eit nytt. Oppi ØVPK sitt org.nr: 993813230, eller be om at ekspeditøren søkjer opp. Tippekommisjonæren gjer resten og du har blitt støttespelar.











Webdesign og CMS: FolkeWeb